Ad libitum (Innbundet)

festskrift til Gunnar Foss

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2016
Antall sider: 279
Forlag: Novus
Språk: Flerspråklig , Bokmål , Nynorsk / Svensk
ISBN/EAN: 9788270998425
Kategori: Språk
Omtale Ad libitum
Denne boka har eit variert innhald. Forfattarane skriv om det som engasjerer og opptek dei, utan emnemessig tvang og vi vonar at det også pregar artiklane. I tid spenner .artiklane vidt, frå Njåls saga til Karin Moes Kjønnsskrift og mellom desse ytterpunkta artiklar om fransk musikalsk tragedie på 1700-talet, Maurits Hansens brevformularbok Julies Brevsamling frå 1840 og her er arbeid om klassisk litteratur av Jonas Lie og Arne Garborg, komparasjon av «familieromanen» hos Alexander Kielland og Thomas Mann og også artiklar om nyare kanoniserte forfattarar som Kjartan Fløgstad, Alf Prøysen og Åsmund Sveen. Emnemessig femner denne antologien over teoretiske, didaktiske, faghistoriske og poetologiske perspektiv, som i jamføringa av Michel Foucault og .Friedrich A. Kittler; aktuelle spørsmål knytt til littera.turen og skolen, forholdet mellom litteraturvitskapen og digital bokhistorie og drøftingar av det poetiske bildet «som objekt». Boka sluttar med ein artikkel om Jonas Roth, «den siste og einaste .jødiske Habsburgaren»?

Boka er skriven til professor Gunnar Foss, til 70-års.dagen hans den 3. mars 2016, som ein heider og ein takk for det gode og stimulerande samarbeidet vi har hatt og for det viktige arbeidet han har gjort på instituttet.

Til toppen