Bonus (Ebok)

Forfatter:

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Last ned utdrag    

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2021
Antall sider: 231
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 1.12 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234003370
Kategori: Romaner , Romaner og Skjønnlitteratur
Omtale Bonus
Om å forsake seg sjølv i møte med kjærleiken.

Astrid drøymer om sitt eige galleri. Det treng ikkje vere så stort, berre det er kvite veggar og høgt under taket. Eit rom ho kan fylle med den kunsten ho liker aller best, kanskje også med eigne verk ein vakker dag.

Samtidig blir ho hovudstups forelska i Anders. Ho er overtydd om at ho har funne mannen i sitt liv, og forholdet blir etablert på rekordtid. Han har ein son på eitt år, og Astrid tar rolla som bonusmamma på strak arm. Men ho er ikkje førebudd på kor utfordrande det er å alltid vere nummer to. Heller ikkje på at det er fleire som har sterke meiningar om korleis ho skal fylle den nye rolla si, og at det gamle livet til Anders skal ta så stor plass. Er det eigentleg plass til Astrid og draumane hennar i dette forholdet?

Bonus er ein roman som handlar om å sette eigne draumar i andre rekke, om å miste av syne seg sjølv og den ein elskar, når kvardagen rullar av garde.

Marie Tveiten (f. 1992) kjem frå Seljord og bur i Oslo. Ho er musikar, artist og låtskrivar, og spelar blant anna i bandet The Northern Belle. Bonus er den første boka hennar.

Til toppen

Andre utgaver

Bonus
Nynorsk Innbundet 2021