Breidablik (Innbundet)

eit fjelleventyr

Forfatter:

og

Forfatter: og
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2018
Antall sider: 336
Forlag: Skrivarnuten forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788269144703
Kategori: Friluftsliv
Omtale Breidablik
Lars Arvid Oma og Inger Dysvik har skrive historia om det magiske hyttetunet Breidablik (1162 m.o.h.) i kvammafjella i Hardanger. Hyttene mellom Skrott og Geitafjell er livsverket til Bjarne og Anne Marit Huse. Her budde familien kvar sommar frå 1968 og fram til Bergen og Hordaland Turlag fekk overta det særprega hytteanlegget i 2012.
Boka, som er rikt illustrert med fotografi og teikningar, skildrar byggeprosessen - frå starten i 1968 og fram til den nye DNT-gjestehytta stod ferdig hausten 2018. Det var då 50 år sidan Bjarne og Anne Marit Huse starta arbeidet i høgfjellet.
Investeringa på nær sju millionar kroner viser at turlaget i vestlandshovudstaden meiner alvor med å sikra Breidablik for framtida, fjellslottet som allereie er blitt ei av dei mest populære DNT-hyttene i Hordaland.
Boka byd også på sidehistorier, alle med utgangspunkt i Breidablik og kjærleiken til fjellet: Om det harde arbeidet, naturopplevingane, fridomen i høgfjellet, dei gode møta mellom fjellfolk, gjestfridomen til vertsfolket og den djupe fjellgleda som Bjarne og Anne Marit har formidla i 44 år. Ei stor skattkiste er dei mange hyttebøkene (dagbøker), der Haugbonden sjølv, Bjarne, har skrive eigne skildringar kvar dag i fjellet sidan starten i 1968.
Det vert med andre ord dokumentasjon, skråblikk, skildringar og portrett i ei høveleg blanding.

Til toppen