Dekameronen (Innbundet)

13 historier

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2020
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234003721
Kategori: Romaner

Klikk & hent

Varen er klar for henting i butikk etter 2 timer.

Omtale Dekameronen
Giovanni Boccaccios verdskjente novellesamling i nytt utval.

Året er 1348. Ti ungdommar flyktar frå svartedauden som herjar i Firenze, og isolerer seg i ein villa på landet. Alle er friske, og i ti dagar underheld dei kvarandre med å fortelje historier.

Dette er ramma for «Dekameronen», som på norsk kan omsetjast til «Dei ti dagane». Storverket frå 1353 omfattar 101 historier på nærmare 1000 sider. I dette utvalet finn du tolv av dei forrykande forteljingane. Vi har òg teke med eit utdrag frå Boccaccios skakande vitnesbyrd frå pesten i Firenze.

Boccaccios historier har mykje til felles med eventyra - dei handlar om kløktige tenestefolk og dumme herrar, om lausaktige kvinnfolk og kåte elskarar. Dei spenner frå erotikk til satire, frå det tragiske til det komiske, frå røff humor til livsvisdom.

«Dekameronen» blir rekna som verdas første novellesamling og er ein grunnstein og eit vendepunkt i verdslitteraturen. Boka er eit av verdas mest betydelege verk og har inspirert forfattarar som William Shakespeare, Miguel de Cervantes og Jonathan Swift.

Meir enn noko anna er dette eit skattkammer av gode historier.

Til norsk ved Magnus Ulleland

Til toppen

Andre utgaver

Dekameronen
Nynorsk Nedlastbar lydbok 2020

Flere bøker av Giovanni Boccaccio: