Der var ruskut å leggja utpå (Heftet)

ti år med mastergraden i nynorsk skriftkultur

Forfatter:

og

Forfatter: og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2013
Antall sider: 315
Forlag: Novus
Språk: Flerspråklig , Bokmål , Nynorsk / Engelsk
ISBN/EAN: 9788270997169
Kategori: Språk
Omtale Der var ruskut å leggja utpå
I 2012 er det ti år sidan dei første studentane begynte på mastergraden i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda. Vi feirar jubileet med denne boka. Redaktørane inviterte alle som har hatt vitskaplege stillingar ved instituttet til å bidra, og du held resultatet i handa. Mastergraden har vore ei genuint tverrfagleg og komparativ utdanning med skriftkulturen som samnemnar. Dei som har undervist på han har vidt ulike perspektiv på kva skriftkultur er, og på kva han kan brukast til. Dermed er tilnærmingane i denne boka heilt ulike. Tekstane i denne boka er grupperte i tre bolkar, Opplevd, Innlevd, og Utlevd. Opplevd inneheld fem tekstar om historia til den nynorske skriftkulturen, Innlevd-tekstane handlar om språk, som er grunnlaget for all skriftkultur, og Utlevd handlar om ulike aspekt ved biografisk litteratur, som har vore eitt av hovudinteresseområda til tilsette ved instituttet. Redaktørane er Jens Johan Hyvik, førsteamanuensis i historie ved Høgskolen i Telemark, og Stephen J. Walton, professor i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda.

Til toppen