Digg (Innbundet)

gjer kvardagen til ein fest

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2017
Antall sider: 150
Forlag: Skald
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788279592693
Kategori: Mat og drikke
Omtale Digg
Ein gong skulle Anders verta stjernekokk, med Michelin-stjerner og hundre timars arbeidsveke, men før han kom så langt møtte han veggen. No, ti år seinare, har forfattaren, hagebonden, journalisten og småbarnsfaren funne ein heilt annan måte å kokkelere på. Saman med fotografkamerat og kollega deler han no triksa som gjer kvardagen til fest.
I kokeboka DIGG finn vi alle ingrediensane som høyrer heime i ei kokebok: forrettar, supper, middagar og dessertar, men Anders Totland spissar det heile med eit par heilt eigne krydder. Her finn du kapittelet «Rettar som lagar seg sjølv» for dei med lita tid og mange gjestar, «Frå hage til mage» til dei med grøne fingrar og uante mengder etande ugras. Kva med friterte blomar til middag? Og får du litt til overs har Anders restetips til kvar oppskrift samt eit eige kapittel om restemat.
Dei festlege rettane i boka kan lagast av kven som helst, med kvardagslege ingrediensar alle kan finne i nærbutikken i kvar einaste krå av landet. Med anekdotar som frå si eiga bryllaupsreise, jakta på den perfekte «crepe» og verdas mest tolmodige kone skildrar han livet som matgal før han snøgt tek oss attende til kjøkkenbenken der 4-åringen ventar svolten på fleskepannekaker. Saman med fotograf Marius Knutsen har Anders Totland lagar han ei saftig, rå og raus kokebok som inspirerer sjølv den matleie i tidsklemma.

Til toppen