Dokter Haugen (Innbundet)

lege i Kvinnherad 1934-1979

Forfatter:

, og

Forfatter: , og
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2019
Antall sider: 199
Forlag: Skimtvis
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788269171006
Kategori: Biografier og memoarer
Omtale Dokter Haugen
Endre Haugen blei kjent som ein dyktig, hardtarbeidande, folkekjær og munnrapp distriktslege i Kvinnherad. Han byrja gjerne arbeidsdagen på kontoret i Rosendal i 5-6-tida om morgonen, før han reiste ut til pasientane sine i det store distriktet, også til veglause grender langs fjorden. Som oftast ulasteleg kledd i skjorte, dress og slips. Slik heldt Haugen på heilt frå han kom til Kvinnherad i 1934. Før det var han distriktslege på Karlsøy i Troms og i Sand i Ryfylke. Gjennom heile sin yrkeskarriere var han oppteken av folk sitt ve og vel. Dokteren sa alltid «jeg skal komme» når han blei oppringt, uansett kva tid på døgeret det var. Og pasientane og deira næraste sette stor pris på hjelpa han ytte, også dei som fekk den vidgjetne hostesafta. Ho skal ha hatt nokre dråpar opium i seg. At Haugen var ein lege som både var oppteken av nestekjærleik og handlekraft, viste han også seinare i livet, etter at han først mista éi kone i sjukdom, deretter éi til. Han hadde sett Andrea Munch-Ellingsen, niesa til Edvard Munch, i eit tv-program og sende like godt eit kort og presist brev til henne:
- Jeg så deg på fjernsynet og lurer på om du vil bli min kone!

Denne boka byrja som ein serie med historiar på nettstaden uskedalen.no. Ei boknemnd med Kristian Bringedal, Thor Inge Døssland og Kristian Hus har ført arbeidet vidare, mellom anna gjennom nye samtalar med slekt, tidlegare kollega, vener og mange andre som hugsar den fargerike og dyktige dokter Haugen.

Til toppen

Flere bøker av Thor Inge Døssland, Kristian Bringedal og Kristian Hus: