Jon Line (Heftet)

kulturberar og posør

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 64
Forlag: Commentum forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788282332927
Kategori: Biografier og memoarer
Omtale: Jon Line
Jon Line (1862-1949) var lærar, journalist og forfattar av bøker i bohemtradisjonen, utgitt kring 1890. Han levde i Kristiania i desse åra. I 1895 braut han tvert av den litterære karrieren og busette seg på odelsgarden på Line. Her budde han resten av livet. Han var ungkar og spelemann, men skreiv ikkje lenger, bortsett frå to diktsamlingar frå slutten av livet.

Jon Line tilhøyrer «det gløymde Jæren», men hadde likevel si eiga, sjølvstendinge røyst. Han var ein fargeklatt, ein smørblome. Best kjent av det han skapte er diktet om Hauglandsåno, og minnesskildringane av samværet med Arne Garborg frå dei somrane Garborg var på Jæren. Line sende skildringane til ein ungdomsvenn, Lars Eskeland. Nokre av dei er trykte i eit utval ved Asgjerd Taksdal, Time Kommune.

Tor Obrestad (1938) har skrive ei lang rekke med skjønnlitterære bøker sidan debuten i 1966. Den siste er romanen om spritsmuglinga på Jæren på 1920-talet, «Smuglinga på Skeie». Han har også skrive fleire litteraturhistoriske arbeid, blant anna om Alexander Kielland.

Til toppen

Flere bøker av Tor Obrestad: