Arna bygdebok (Innbundet)

band II

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2004
Antall sider: 591
Forlag: Forlaget Vigmostad & Bjørke AS
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788241903250
Kategori: Historie
Omtale: Arna bygdebok
Dette er ei forteljing om korleis Arna vart moderne, og kva dette fekk å seia for folk sitt liv i arbeid og fritid. På midten av 1800-talet var Arna eit typisk vestnorsk jordbrukssamfunn, men på same tid eit industrisamfunn, etter at industristaden Ytre Arna vart etablert i 1846. Mot slutten av dette hundreåret var heile bygda trekt inn i utviklinga fram mot ei moderne tid. Dampbåtsambandet mellom Arna og Bergen vart bygd ut, Vossebanen opna - og jarnbanelina strekte seg tvers gjennom arnabygda. Ved inngangen til 1900-talet var òg store delar av bygda bunde saman av eit vegnett.

Nærings- og samferdsleutviklinga i Arna frå 1840-åra fram til 1972 la rammene for samfunnslivet og hadde stor innverknad på folk sine levevilkår. På same tid har nærleiken til Bergen hatt mykje å seia for livet i bygda, og ved slutten av denne perioden vart bygda ein bydel i Bergen.

Boka er rikt illustrert, og formidlinga av historia skjer i både tekst og bilete, det er som å reise i tida.

Til toppen

Flere bøker av Svein Ivar Angell: