Berlinhistorier (Innbundet)

kald krig i den delte byen

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Klikk & hent

Varen er klar for henting i butikk etter 2 timer.

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2017
Antall sider: 192
Forlag: Det Norske Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252192384
Kategori: Historie
Omtale Berlinhistorier
I skvis mellom to supermakter.

I 1945 var Tyskland knust både militært, politisk og moralsk. Berlin låg i ruinar. Frå 1949 var landet delt i to, i eit kapitalistisk Vest-Tyskland og eit kommunistisk Aust-Tyskland. Berlin blei liggjande inne i Aust-Tyskland, og blei også delt i aust og vest. I 1961 blei byen fysisk delt av den 45 kilometer lange Berlinmuren. Berlin blei ein front i den kalde krigen fram til muren fall i 1989.

Journalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik har møtt menneske som fortel om korleis det var å leve i Berlin i dei vel 40 åra då Berlin låg i skvis mellom supermaktene. Ho har valt historier som går rett inn i dei mest brennbare konfliktane. Det handlar om hemmelege fangeleirar, spionasje, grenselaust svik, om muren, flukt og stort personleg mot. Mange historier handlar om å byte side.

Vi møter blant andre Hartmut Richter, som ei augustnatt i 1966 hoppa uti Teltowkanalen i Berlin, rømte frå aust til vest og seinare blei menneskesmuglar eller flukthjelpar. Vi møter Peter Brandt, sonen til Willy Brandt, som deltok i det vesttyske 68-opprøret, og vi råkøyrer med Werner Stiller, i dag Peter Fischer, eks-Stasi-agent som ei tid var mellom dei mest ettersøkte i DDR. Dette er historia om den kalde krigen i Berlin fortald gjennom einskildmenneske.

Til toppen

Astrid Sverresdotter Dypvik har talent og vilje til å fortelle
Jon Rognlien, Dagbladet

Andre utgaver

Berlinhistorier
Nynorsk Ebok 2017

Flere bøker av Astrid Sverresdotter Dypvik: