Den gløymde litteraturen (Innbundet)

gamle bøker og skrifter i privat eige på Sunnmøre

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 583
Forlag: Det Norske Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252188707
Kategori: Kulturhistorie
Omtale: Den gløymde litteraturen
Frå den vesle studien til den store tanken

Jostein Fet set i sitt 91. år krona på eit unikt litteratursosiologisk forskingsverk.

I 1978 hadde han i analysen av 16 287 arveskifte frå 1690-1839 registrert 14 199 bøker. Men Fet fann tidleg ut at svært mange bøker og skrifter aldri vart registrerte i skifteprotokollane, at bøkene i skifta berre var toppen av isfjellet. Små og slitne folkebøker, katekismer og forklaringar for barn, men også store familiebøker, som biblar og huspostillar, vart av ulike grunnar haldne utanfor skifta.

Frå 1979 og fram til i år har Fet funne fram eit representativt utval på 609 bøker og skrifter trykte før 1840, alle hos private eigarar på Sunnmøre. Den eldste boka er frå 1549. Første del av Den gløymde litteraturen presenterer idéinnhaldet i dei viktigaste bokgruppene.

Andre del er eit bibliografisk register, der Fet fortel korleis bøkene har vandra gjennom arv, gåver, auksjonar eller bytehandel, og det kjem fram kor høg posisjon bøker hadde i det gamle bondesamfunnet.

Forord ved Ottar Grepstad.

Til toppen

Flere bøker av Jostein Fet: