Edda (Innbundet)

den eldre Edda i ein scenisk versjon

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2017
Antall sider: 175
Forlag: Skald
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788279592549
Kategori: Noveller, lyrikk og drama
Omtale Edda
JON FOSSE MED SCENISK VERSJON AV DEN ELDRE EDDA

I samband med premieren av "Edda" regissert av Robert Wilson på Det norske teateret 4. mars 2017 kjem bokversjonen.
Gudedikta i det som i dag vert kalla Den eldre Edda, har levd i folkemunne i uviss tid før dei blei skrivne ned på Island på 1200- og 1300-talet. Samlinga har blitt gjenoppdaga på midten av 1600-talet og sidan, saman med Snorre-Edda (Den yngre Edda), vore det mest sentrale verket i den norrøne mytologien.
Den sceniske versjonen til Jon Fosse byggjer på fleire av dei kjende dikta som Voluspå, Vavtrudnesmål, Grimnesmål, Trymskvida, Loketretta og Balders draumar.

Fosse har gitt dikta si personlege form. Han har skrive ein dramatisk dialog med sterke musikalske og rytmiske kvalitetar, og han maktar å flytte historiene nær oss, samstundes som han held forteljingane og ideane framande og fjerne.

Til toppen