En kraft og et salt i menigheden (Heftet)

ein studie av dei såkalla johnsonske prestane i siste halvpart av 1800-talet i Noreg

Serie: Perspektiv: 17x24 9/2000

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2000
Antall sider: 424
Forlag: Unipub forl.
Språk: Nynorsk
Serie:
Serienummer: 9/2000
ISBN/EAN: 9788274770423
Kategori: Religion, historie og filosofi
Omtale En kraft og et salt i menigheden
Boka tek føre seg ein sentral del av norsk kyrkjehistorie på 1800-talet. Den generasjon prestar som gjerne vert omtala som "dei johnsonske prestar" eller "johnsonianarar", vart utdanna og forma under professor Gisle Johnsons kateter i siste halvpart av 1800-talet, og har lenge vore oppfatta som ein eigen prestetype. Ein har meint at det gjennom undervisninga til Johnson vart prega av ein einsidig pietistisk vekkingsstrategi.#11;Eit hovudspørsmål i boka er i kva grad det er rett å seie at dei som vart prestar i siste halvpart av 1800-talet var "johnsonianarar". Forfattaren presiserer her relevante historiske spørsmål i studiet av den aktuelle perioda, og resultata han kjem fram til nyanserer mange eldre oppfatningar. Dessutan nyttar han kjeldemateriale og metodar som tidlegare har vore lite prøvd ut i norsk forsking.#11;Boka er tydeleg historisk orientert, men er óg relevant i eit meir allment pastoralteologisk perspektiv. Også i eit lokalt- og regionalhistorisk perspektiv vil boka vere sentral. Dette arbeidet startar innanfor det kyrkjegeografiske "Østfoldprosjektet", som la vekt på å sjå kyrkje- og kulturhistoria "nedanfrå". Denne boka er til nå det mest omfattande resultatet av dette konkrete prosjektet, og det historiske materialet som forfattaren legg fram, vil vere viktig for annan forsking om Ytre Østfold.

Til toppen

Bøker i serien