Bilansvar (Innbundet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 1990
Antall sider: 488
Forlag: Vigmostad & Bjørke AS
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788241900518
Kategori: Jus
Omtale: Bilansvar
Bilansvarslova, lov om ansvar for skade som motorvogner gjer, er datert 3. februar 1961. På desse snart 30 år er den endra fleie gonger. Dessutan er bakgrunnsretten, dvs. både vanlege skadebotreglar og allmenne forsikringsreglar endra i mellomtida. I tillegg kan samfunnssyn og samfunnsutvikling ha ført til at grunnlaget for praktiske løysingar er andre i dag enn i 1961. Bilansvar er skriven med sikte på å tena både som handbok og læremiddel. Boka er bygt opp som ein kommentar til bilansvarslova og fylgjer systematikken i lova. Den har gode doms- og emneregister og ei omfattande innhaldsliste som gjer den grei å bruka og lett å finna fram i. Nils Nygaard er dr. juris og professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare gjeve ut Aktløysevurderinga i norsk rettspraksis (1974), Odelsrett og ekteskap (1976), Skade og ansvar (3. utg. 1985), Skatt og skade (1985) og Årsak og bevis ved ansvar for skade (1986, saman med Ole Hagen og Siri Nome).

Til toppen

Flere bøker av Nils Nygaard:

De som kjøpte denne boken, kjøpte også: