Høgsteretts historie 1965-2015 (Innbundet)

at dømme i sidste instans

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 619
Forlag: Vigmostad & Bjørke AS
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788245015515
Kategori: Jus
Omtale: Høgsteretts historie 1965-2015
Fredag 28. juni 1974 vart Det sjuande allmenne dommarmøtet i Tromsø opna. Det heile byrja slik det skulle - fredeleg og danna. Siste føredragshaldar den fyrste dagen av dommarmøtet var professor dr. juris Carsten Smith, som føreleste om «Domstolene og rettsutviklingen». Etter føredraget var Det sjuande allmenne dommarmøtet ikkje lenger fredeleg, og bare delvis danna. For Smith ville at domstolane generelt, og Høgsterett spesielt, ikkje bare skulle løysa konfliktar, men òg leia an i rettsutviklinga med djerve avgjerder som forandrar samfunnet. Dette var ein radikal idé i 1974. I dag er det i stor grad ein realitet. Kva har skjedd? Høgsteretts historie 1965-2015 er ei endringshistorie. Det er historia om ein domstol som lenge stritta imot endring, men som særleg etter Berlinmuren sitt fall vart riven med av samfunnsutviklinga og av ivrige einskildpersonar som staka ut ein ny kurs for den fremste representanten for den tredje statsmakta i Noreg. I dag er Høgsterett kanskje meir ei statsmakt enn nokosinne i si 200.år lange historie. For domstolen har ein nesten uavgrensa kompetanse, er ein nesten rein prejudikatsdomstol, er premissleverandør for den juridiske metoden, kan påverka tilsetjinga av nye høgsterettsdommarar, og er ein dialogpartnar i det transnasjonale rettsregimet. Dette er historia om korleis det vart slik. Jørn Øyrehagen Sunde (f..1972) er professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen, leiar for Forskargruppa for rettskultur, og forskingsleiar ved museet Baroniet Rosendal. Han har publisert Speculum legale (2005) og Den juridiske komedien (2007), og har mellom 2006 og 2014 redigert Rettstekstar i mellomalderen, Dekalogen, Rendezvous of European Legal Cultures og Constitutionalism before 1789.

Til toppen

Flere bøker av Jørn Øyrehagen Sunde: