Gaugamål (Innbundet)

ord og uttrykk på Sandnes

Legg i ønskeliste

Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2008
Antall sider: 192
Illustratør: Simonsen, Stein Em.
Forlag: Commentum forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788282330022
Kategori: Språk
Omtale: Gaugamål
Boka Gaugamål, ord og uttrykk på Sandnes, vart godt motteken då ho første gong kom ut i 1999. Men opplaget var ikkje stort, så no har boka vore utseld frå forlaget ei tid. Denne boka er eit nytt opptrykk, i ny bunad, med ein del tilføyingar og rettingar. Då Gaugamål kom ut første gongen vart ho omtala i Norsk Ordbok, Ord om ord. Artikkelen er skriven av Arnbjørg Hageberg i Norsk Ordbok. Me siterer frå hennar vurdering av Gaugamål: "Tilliks med liknande ordsamlingar har Gaugamål ei fagleg innleiing. Denne bolken er uvanleg godt formulert, grei og lettforståeleg utan vanskeleg terminologi. Og vidare: I denne innleiinga vert særmerke ved dialekten peika på i eit lett tilgjengeleg oppsett, og nokre minuttar brukt på desse sidene vil gje ein interessert brukar mykje kunnskap om eige mål." Andre utsegner: "Fasiten på Sandnes-dialekten finst i Gaugamål". Ernst Lapin Sandnes mållag er utgivar av boka.

Til toppen