Felemakaren og døtrene hans (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2020
Forlag: Oktober
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788249521425
Kategori: Romaner
Omtale Felemakaren og døtrene hans
"Felemakaren og døtrene hans" er romanen om bondeguten Lars Olsen Hoem, som rett etter konfirmasjonen må marsjere av garde for å ro kanonkuler under slaget på Københavns Red og blir vitne til at mange av kameratane hans misser livet.

Under kystblokaden 1807-14 reiser han til Arkhangelsk for å hente rug, men galeasen blir kapra av britiske Jolly Tar, og Lars og dei andre lever i fire år som krigsfangar på eit overfylt fangeskip utanfor Plymouth.

I den svartaste naud og stort mismot møter han ein fransk medfange som lærer han å bygge fiolinar. Dermed kan livet hans ta ei ny vending. Han som hadde drøymt om eit liv på verdshava blir felemakar i ein vestnorsk småby, der han lever saman med ei kvinne han elskar og sju døtrer som fyller livet hans med meining.

Krefter som vi ikkje rår med kan opne dørene til eit liv som i ettertanken framstår som ei stor gåve.

Lars Hoem var født på Hoem i Romsdal i 1782. Han er grandonkelen til Serianna, som blir gift med Knut Hansen Nesje, kjent som slåttekaren i Edvard Hoems slektskrønike.

Til toppen

Flere bøker av Edvard Hoem: