Frå Lonevåg til Hollywood (Heftet)

bygdeurbanist med skrivekløe

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2019
Antall sider: 192
Forlag: Leirfuglen forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788269062632
Kategori: Foto og film
Omtale Frå Lonevåg til Hollywood
Møt filmelskaren, musikaren og bygdeurbanisten Kurt Olav Helle, 5282 Lonevåg. «Norges mest profesjonelle leserbrevskribent», har Finn Bjelke kalla han. «Ett leserbrev til, og vi kommer ut på Osterøy for å skambanke både deg og sjefen for bygdekinoen din», skreiv redaksjonen i Natt & Dag i 1997. Det vert sagt om Kurt Olav Helle at han skriv fortare enn sin eigen skugge. Boka er eit overflødigheitshorn av gullkorn, sitat, lesarbrev, kåseri og essay frå heile hans veldige produksjon. Den er også ei reise i Kurt Olavs elleville filmunivers; der liv og draumar blir fletta saman i dokumentarfilmane "Kule Kurt - Cowboyen fra Lonevåg" og "Kule Kurt 2 - Cowboyen drar til Hollywood". I dei første lesarbreva i Dagbladet mot slutten av 80-talet tok han skrekkfilmen i forsvar. Statens filmkontroll og NRK fekk det glatte lag. Seinare vart han spaltist og flittig skribent i Filmmagasinet, musikkavisa Beat, Natt & Dag, Dagbladet, VG, Bergens Tidende, Bergensavisen, Nationen og lokalaviser som Bygdanytt, Strilen og Ostringen. Redaktør Nils Rune Langeland i Syn og Segn trykte Kurt Olav til sitt bryst først på 2000-talet. Her finn ein kanskje essensen i det skribenten har bobla over med desse åra - tankar kring film, populærkultur og forholdet mellom bygd og by. Tekstane er plukka ut og sydd saman til ei sjangersprengande bok av sambygding og forlagssjef i Leirfuglen, Bjarte Vik. Boka er rikt illustrert.

Til toppen