Hundemanuskripta av Jon Fosse (Ebok)
Ebok

Hundemanuskripta (Ebok)

Forfatter:

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2018
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 0.79 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252196474
Kategori: Romaner
Omtale Hundemanuskripta
Nei å nei, Du å du og Fy å fy samla i ei bok I 1995, 1996 og 1997 gav Jon Fosse ut dei tre Hundemanuskripta. Tekstane er umiskjenneleg Fosse, men med ein lett, humoristisk og underfundig tone. Bøkene har lenge vore utselde, men endeleg er hundehistoriene no å få tak i - alle tre samla i éi bok. Nei å nei er ein fabel om hunden Websterr. Han lever eit roleg og sutlaust liv saman med gamle Oline, men har alltid ønskt å vere den einsame hunden Websterr som streifar omkring i skog og mark, og hjelper ei lita hundemor i naud! Hunden Websterr ser sitt snitt til å stikke av ein føremiddag. Verda ligg open. I Du å du er vi ved fjorden, i eit naust. Der bur den aldrande hunden Olav åleine. Han har ein venn, ungkar som han sjølv, som bur oppover mot fjellet. Ein dag då Olav skal besøke kameraten, møter han den finaste byhundedame han nokon gong har sett. Alt blir forandra. I Fy å fy er vi på ei fraktskute. Om bord er skipper Moreld og skipshunden Haktor og dessutan labanen Einar, som aldri har likt skipshunden, men nett det har skipshunden lært seg å leve med. Då derimot skipper Moreld ein dag kjem og snakkar om at dei skal få seg endå ein skipshund om bord, tenkjer skipshunden Haktor at dette kan ikkje skipper Moreld meine. Det er noko av det verste han har høyrt.

Jon Fosse (f. 1959) er rekna som ein av dei viktigaste forfattarane i vår tid og har motteke ei rekkje prestisjetunge prisar i både inn- og utland. Fosse er særleg kjend som dramatikar, og dramatikken hans er omsett til over 40 språk. Fosse debuterte som forfattar med romanen Raudt, svart i 1983 og har i tillegg til dramatikk og romanar også skrive dikt, essay, kortprosa og barnebøker. Fosse kjem frå Strandebarm, men er busett i Grotten i Oslo.

Til toppen