Ishavsfolk fortel (Innbundet)

historier frå 20 år med Isflaket

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2020
Antall sider: 339
Forlag: Ishavsmuseet Aarvak
Språk: Flerspråklig , Bokmål / Nynorsk
ISBN/EAN: 9788291003108
Kategori: Historie
Omtale Ishavsfolk fortel
Ishavsfolk fortel er boka der ishavsfolket sjølve fortel sine historier. Nokre er fortalde for over 100 år sidan og andre er nedskrivne i 2020. Felles for alle er at dei er formidla gjennom Ishavsmuseet sitt polare magasin Isflaket dei siste 20 åra. Boka fortel om dramatiske, fine og nokre muntre historier frå fangstfelta. Både frå selfangst, overvintringsfangst og ekspedisjonar til nord og syd. Vi får vere med på dramatiske forlis, gode fangstturar og ei og anna isbjørnjakt. Du får lese om at det fislukta som kunne vere verst i fangsthytta, og om dei flotte sommar ekspedisjonane til Nordaust-Grønland. Ishavsfolket fortel også om då dei hadde med heim levande isbjørn, moskus og kvalross frå Grønland. Dei fleste fangstskuter har forlist i isskruing på dei ulike felta og vi får i denne boka førstehånds kunnskap om korleis dette kunne gå føre seg. Vi får også eit glimt av korleis det var då fangstskutene starta oljeleiting på 1960-talet. Også på dette feltet vart ishavsfolket pionerar. Ishavsfolk fortel er ei variert bok med historier frå mange ulike delar av vår nære polar- og fangsthistorie, fortalt av dei som sjølve opplevde det.

Til toppen