Juleroser (Heftet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 78
Forlag: Egmont
Språk: Flerspråklig , Bokmål , Nynorsk / Svensk
ISBN/EAN: 9788242953322
Kategori: Romaner og Essays og antologier
Omtale Juleroser
JULEROSER: HERBORG KRÅKEVIK (RED.)
Herborg Kråkevik er redaktør for det vakre juleheftet Juleroser med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og biletkunstnarane i vår tid, mellom anna Herbjørg Wassmo, Karl Ove Knausgård, Jon Fosse, Vigdis Hjort, Agnes Ravatn, Margreth Olin, Odd Norstoga og Ørnulf Opdahl.
Juleroser var namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. Kråkevik vaks opp med dette heftet. Ho fortel: «Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las verka nye og vedkommande, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper, kjære lesar, at Juleroser kan gi deg jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet, for både deg og dei som kjem etter.»

Herborg Kråkevik (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære artistar, og ein engasjert kulturformidlar. Ho har alltid vore oppteken av å fornye og aktualisere gamle tradisjonar, om det no er den franske kabaretforma
Herborgs verden, Eg og Edith, Kjære landsmenn, eller songane våre
Kråkeviks songbok.
No er det dei litterære julehefta ho vil vekkje til live, Juleroser kom ut første gong i København 1882, og spreidde seg til heile Norden.
Nye Juleroser kjem ut i år, og skal bli ein ny juletradisjon.

Til toppen