Mjøsa rundt med mor av Bjørn Hatterud (Ebok)
Ebok

Mjøsa rundt med mor (Ebok)

Forfatter:

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2020
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filformat: EPUB
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234002342
Kategori: Biografier og memoarer
Omtale Mjøsa rundt med mor
Ei annleis klassereise.

Dette er ei forteljing om ei mor og ein son på biltur rundt Mjøsa. Sonen Bjørn Hatterud er fødd med ei rekkje funksjonshemmingar, har vore eit overvektig mobbeoffer og er homofil og klassereisande.

Han flytta frå heimbygda, Veldre nord for Brumunddal, då han var 21 år gammal, og har budd halve livet i Oslo. Som tenåring drøymde han seg vekk. På ein trimma moped tok han sine første turar bort frå heimbygda, inn i fridommen. I dag drøymer han seg tilbake mens han køyrer heim til bygda i bil.

Boka fortel ei sjølvbiografisk og personleg historie om å ikkje passe inn der ein kjem frå, og om samstundes å ikkje kunne slå seg heilt til ro i byen heller. I tankar og samtaler går reisa mellom fortida og notida, mellom bygda og byen, mellom ulike lag av minne frå livet til ein funksjonshemma, homofil bygdegut frå arbeidarkår som har arbeidd seg inn i kunst- og kulturfeltet i hovudstaden.

Mest av alt er dette ei forteljing om korleis barndomslandskapet set seg i sjela, og om korleis ein aldri heilt kjem seg bort frå plassen ein voks opp.

Boka er ein hyllest til ein oppvekst, ein generasjon, eit geografisk område og ikkje minst til ei mor.

Til toppen

Andre utgaver

Mjøsa rundt med mor
Nynorsk Innbundet 2020

Flere bøker av Bjørn Hatterud: