Mot rikare mål å trå (Heftet)

roman

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2006
Antall sider: 622
Forlag: Hovde forl.
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788292268032
Kategori: Romaner
Omtale Mot rikare mål å trå
Tida går, blir det sagt, men det er ikkje sant. Det er menneska som går. Tida er ein dimensjon og kan ikkje gå nokon stad. I denne romanen er det forbodstida, dei harde trettiåra, krigen og freden som er tida. Det heile tek til sommaren 1921. Morgontoget frå Kristiania er på veg nordover. Svart kolrøyk veltar ut frå skorsteinen på lokomotivet der toget skjer seg gjennom frodig landskap med enger og beite og kornåkrar som jernbanetraséen har delt i to. I ein av kupeane på toget sit tre menn. Utan at dei veit om kvarandre, har to av dei løyst billett til same staden. Dei skal til Torpet, ein stasjonsby oppe på Austlandet, med fabrikkar og butikkar og anna verksemd som hører heime på ein slik stad. Dei to blir etter kvart brikker i eit spel saman med alle dei andre som hører stasjonsbyen til. Det er livet som står på spel - kan hende ikkje i tradisjonell tyding når det blir uttrykt på dette viset. Det gjeld heller spørsmålet: Å leva - kva er det? Kan hende finst svaret i denne romanen som endar hausten 1947.

Til toppen

Flere bøker av Torbjørn Hovde: