Norsk barnelitteraturhistorie (Innbundet)

Forfatter:

, og

Forfatter: , og
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2018
Antall sider: 664
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252188578
Kategori: Språk
Omtale Norsk barnelitteraturhistorie
Norsk barnelitteraturhistorie er standardverket for alle som er interessert i norsk barne- og ungdomslitteratur. Verket gir ei samla framstilling av den norske litteraturen for barn og unge gjennom meir enn 200 år, og omfattar skjønnlitteratur, både den kritikarroste og den populære, og faglitteratur. Verket drøftar og utviklinga av den barnelitterære institusjonen - i bokbransjen, bibliotek, skole og forsking - og korleis andre media har gjort bruk av og påverka barnelitteraturen.

Den nye utgåva av verket er revidert for tida etter 1970 og er utvida med litteraturen frå 2005-2015 med nye forfattarskap, teksttypar, tema og skrivemåtar, og med nye illustratørar og visuelle uttrykksformer. Revisjonen omfattar heile tidsrommet 1970-2015. Norsk barnelitteraturhistorie legg vekt på samspelet mellom barnelitteraturen og skiftande litteratursyn i samfunnet, og viser korleis litteraturen utviklar seg mellom kunst og pedagogikk. Verket er gjennomillustrert.

Ein komplett digital bibliografi over alle omtalte forfattarskap, utarbeidd av Anne Kristin Lande, forskingsbibliotekar, er tilgjengeleg for nedlasting på forlagets nettside.

Til toppen