Var det Olav den heilage eller Hans Nielsen
Hauge som kristna Noreg, og i kva grad
pregar kristendommen det moderne norske
samfunnet i dag? Dette er nokre av spørsmåla
denne boka er med og gir svar på.
I boka gir forfattarane ei samanhengande
framstilling av kristendommen si historie
i Noreg frå kristningsperioden og fram til
vår eiga tid. I framstillinga viser dei at kyrkje
og kristendom aldri har verka i eit vakuum.
Kristne forteljingar og førestillingar har
påverka og vorte påverka av kultur og samfunn
lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Forfattarane
set den religiøse utviklinga inn i ein brei
samfunnskontekst og ser også utviklinga i
Noreg på bakgrunn av allmenne utviklingsdrag
i Norden og Europa elles.
Målgruppa er studentar i religionshistorie,
teologi og KRLE, men boka er skriven slik at
også allment historieinteresserte lesarar skal ha
nytte og glede av henne.