Norske skrivarar i millomalderen (Innbundet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 1990
Antall sider: 804
Forlag: Arnlaug Skjæveland
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788200027959
Kategori: Språk
Omtale Norske skrivarar i millomalderen
Norske skrivarar i millomalderen
er Eivind Vågslids siste store granskingsarbeid om norske brevskrivarar, norsk skrift- og målsoge. Han har her freista så langt som råd er, å syna kven som har skrivi alle kjende opphavsbrev på norsk og latin frå kring 1175 og til og med 1400 og nokre brev etter l401. Han har grunnlagt ein ny granskingsmåte, der breva er samla i flokkar etter handskrift og skrivarhender. Skrift og mål i einskildbrev og brevflokkar er jamførde med skrift og mål i alle kjende opphavsbrev som det er grunn til å tru at nordmenn har skrivi og som ikkje er meir enn 50 år yngre enn jamføringsbrevet. Samstundes har han då i mange høve óg kunna namngjeva skrivaren. Dette gjev større og betre tilfang for skriftgransking og gransking av målog målføre.
Skrift og tekst på seglreimar til breva er her registrert og trykt for fyrste gong.
Det er ei mengd stadnamn i dei omtala breva og Vågslid har mange nye stadnamntydingar i denne boka óg, i tillegg til tilvisingar til tidlegare stadnamntydingar.

Til toppen

Flere bøker av Eivind Vågslid: