Økonomi for økologisk landbruk I (Heftet)

Forfatter:

, , , og

Forfatter: , , , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 1999
Antall sider: 270
Forlag: Fagbokforl.
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788276743982
Omtale Økonomi for økologisk landbruk I
Økonomi for økologisk landbruk 1 / Økonomi for økologisk landbruk 2 Økonomi for økologisk landbruk er eit læreverk i to bind som dekkjer måla i tre av studieretningsfaga i økologisk landbruk på studieretning for naturbruk: Økonomi VK1 - Omlegging, organisering og berekraftig økonomi VK2 - Berekraftig samfunnsutvikling VK2 Den første boka tek for seg landbruket i lokal og nasjonal samanheng, litt om utviklinga av landbruket, om verdiar i landbruket og om ressursgrunnlaget i norsk landbruk. Vidare er det ein fyldig omtale av landbruk i fattige og rike land. Boka tek også for seg økonomien i ei verksemd, som t.d. eit gardsbruk, og samfunnsøkonomi. Dessutan finn litt stoff om organisasjonane i landbruket. Den andre boka held fram med bedriftsøkonomi for landbruket. Sidan kjem ein del landbrukshistoriske emne, og forfattarane prøver å syne samanhengen mellom økologi, økonomi og samfunn. Boka tek også for seg ein del økofilosofiske emne, og avsluttar med kva som må til ved omlegging til økologisk drift. Begge bøkene inneheld oppgåver knytt til lærestoffet, og bak i kvar bok er det eit oversyn over læreplanmåla og hovudmomenta i dei tre faga som bøkene dekkjer. Dette oversynet er forma som ei kryssliste som kan hjelpe elevar og lærarar til å halde kontroll med i kva grad ein har nådd måla i læreplanane Ingen av bøkene tek for seg rekneskapsføring. Rekneskapsføring for eit økologisk drive gardsbruk skil seg ikkje nemneverdig frå rekneskapsføring for eit konvensjonelt drive bruk, og dette temaet er grundig handsama i andre lærebøker. Forfattarane av dei to bøkene har til saman brei bakgrunn i lanbruksøkonomi, økologisk landbruk, økologi, naturforvaltning og økofilosofi. Sjølv om dei to bøkene er skrivne som lærebøker, vil dei truleg også vere nyttig lesnad for alle som er interesserte i økologisk landbruk. Forfattarane: Bjørg Fritsvold er sivilagronom i allsidig landbruk. Ho er leiar ved Ressurssenteret i økologisk landbruk ved Sogn jord- og hagebruksskule. Saman med fami...

Til toppen

Flere bøker av Jon Gjerdåker, Bjørg Fritsvold, Erik Solheim, Maria Bjune og Olav Johan Ellingsen: