Om nettene brukar mor dråpeteljar av Svanhild Amdal Telnes (Ebok)
Ebok

Om nettene brukar mor dråpeteljar (Ebok)

dikt

Forfatter:

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Last ned utdrag    

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2018
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 1.11 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Gyldendal
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205511866
Kategori: Noveller, lyrikk og drama
Omtale Om nettene brukar mor dråpeteljar
Sterke og vakre debutdikt

Anna veks opp med ei dominerande og valdeleg mor, ein veik, men støttande far og ein bror som gjer ting brør ikkje bør gjere.
Så treffer ho Jakob, og ei stund ser alt lyst ut. Dei vert kjærastar, flyttar saman, og i nokre månadar er dei «paret ein ser på gata», mysande mot sola, smilande. Men i Anna er det noko som luggar. Opplevingane melder seg som uskarpe polaroidbilete frå oppvekst på 1990-talet, bilete som trugar med å spele seg ut. Det er minne ho ikkje vil, men må oppsøke for å komme seg vidare.
Om nettene brukar mor dråpeteljar er ei samling dikt om å leve med traume, om snudde omsorgsroller, om frykta for at slekt vil følgje slekters gang. Det handlar om svik og sinne, sakn og sorg. Men òg om styrke trass alt, om støtte, om å erfare at sjølv om korger brest, er det verdt å flette nye, å leite etter ei som held ei framtid.
Sagt om boka:
"Det som imponerer med Telnes diktdebut, gjeld det eg vil kalle dei to hovudrørslene ein finn i diktboka. På den eine sida er språket i enkeltdikta hurtig, det svingar så lett og konsist. Men dersom ein ser litt større på det og betraktar boka under eitt, ser ein at forfattaren langsamt og tolmodig byggjer opp motivkrinsen, trinn for trinn utviklar språkbileta seg. Først etter fleire dikt vert den indre språklege samanhengen openberra for lesaren. Nett dette aspektet held eg som ein særs fin kvalitet ved denne diktdebuten."Sindre Ekrheim, Dag og Tid
"Jøss, dette er noe vi blir misunnelige av å lese fordi denne unge debutanten gjør at vi får lyst til å hive alt vi har skrevet: Rett i bøtta."Tom Stalsberg, Dagbladet

Til toppen

Andre utgaver

Om nettene brukar mor dråpeteljar
Nynorsk Innbundet 2018