«Går det an å forsvinne utan å miste seg sjølv? Terje Holtet Larsen skildrar menn på veg mot nullpunktet med kjølig eleganse … Holtet Larsen – har dokumentert igjen og igjen at det ikkje trengst mykje ytre handling for å nagle fast ein lesar. Det held å slipe språket og bore seg inn i hjernespinnet til menn som nærer avsky, forakt eller berre djup framandkjensle andsynes samtida og oss som lever liva våre der etter beste evne … Terje Holtet Larsen skal lesast fordi språket hans er lysande, elegant og stilsikkert frå første til siste setning»
Marta Norheim, NRK P2
«Som lesar anar ein ikkje kvar denne romanen skal, eller kvar forteljaren skal, noko som gjer han spennande og frisk å følgje … Årets roman er snurrig, det skal forståast som ei glede. Og som lesar kan ein sjølv avgjere kva boka handlar om: Korleis vi gjer oss opp ei meining om folk før vi veit noko om dei? Korleis fortida - eller kravet om tilpassing - alltid vil innhente oss? Om tilnærminga ein musikar kan ha til instrumentet sitt og til spelestilen? … Som trikkeskjenene i Oslo som vår mann følgjer i oppskrittinga si, følgjer kvar av tolkingane eitt samanhengande, gyldig spor. Men det er fleire trikkespor, og alle høyrer til i same by, slik alle dei nemnde spora finst i romanen»
Ingvild Bræin, Dag og tid
«Nettopp dette er Terje Holtet Larsens kjennemerke: Lag på lag av fiksjoner, der det innerst befinner seg en kjerne av tomhet og en vilje til å omfavne meningsløsheten … Det hele er storslått i sin melankolske tomhet … Språket er så åndfullt og elegant, så intrikat, men også presist, som de rytmiske figurene fortelleren forestiller seg at Graff sitter nettene igjennom og fordyper seg i, og et kort sitat ville ikke yte stilen rettferdighet. Larsen er en slags litteraturens Steely Dan, lytefri, en nytelse å lytte til»
Bjørn Ivar Fyksen, Klassekampen
Til toppen