Poesiens hemmelege liv (Innbundet)

Serie: LNUs skriftserie 190

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2012
Antall sider: 264
Forlag: Fagbokforl.
Språk: Nynorsk
Serie:
Serienummer: 190
ISBN/EAN: 9788245013832
Kategori: Språk
Omtale Poesiens hemmelege liv
Kva kjenneteiknar poesien som ordkunst, og korleis kan ein lese den? Poesiens hemmelege liv handlar om slike grunnspørsmål. Atle Kittang tar lesaren med på ei undersøking av poesiens eigenart, der refleksjonane er vovne inn i grundige analysar av sentrale verk i norsk, nordisk og internasjonal lyrikkhistorie. Slik syner Kittang fram inngangar til det rike tanke- og sanselivet som ligg nedfelt i det gode diktet og berre ventar på å bli utløyst. Atle Kittang (1941-2013) vart i 1974 landets første professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Han prega faget i mange tiår, ikkje minst gjennom bøkene han skreiv og redigerte, aleine og saman med andre. Blant titlane er Lyriske strukturer, Litteraturkritiske problem, Ord, bilete, tenking og Moderne litteraturteori. Hamsun og Ibsen er to av dei norske forfattarane Kittang har vigd særleg merksemd, til dømes i Luft, vind, ingenting og Ibsens heroisme. I 2003 fekk Kittang Møbiusprisen, Noregs forskingsråds pris for framifrå forsking, som den første representanten for eit humanistisk fag. «Min fryd ved å lese Kittang oppstår av å se hans evne til å ta tankerekker stadig videre. (...) Denne utfoldende holdningen er uvurderlig. Litteraturen vekker til live stadig sterkere leselyst!» - Espen Stueland i Klassekampen Bokmagasinet «Närmast oavsett vilka förkunskaper man har, kan man räkna med att komma från läsningen av denna bok med en fördjupad förståelse av den poetiska formens komplexitet, och hur den inte bara är något som "formar, men også . . . omformar våre relasjonar til verda og oss sjølve".» - Lars Nylander i Norsk Litteraturvitenskapelig tidsskrift

Til toppen

Bøker i serien