Praktisk grammatikk (Heftet)

oppgåver og løysingsforslag

Forfatter:

, og

Forfatter: , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2020
Antall sider: 220
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252199390
Kategori: Språk
Omtale Praktisk grammatikk
Praktisk grammatikk er ei bok med øvingsoppgåver i grammatikk og er skriven for studentar på innføringskurs i norsk grammatikk. Boka er delt inn i kapittel etter ulike grammatiske tema, som semantikk, syntaks, fonologi, morfologi og ordklasser. I kvart kapittel er det ein kort gjennomgang av reglane og teoriane i dette emnet. Oppgåvene er varierte i både type og vanskegrad, og mange bruker autentiske døme frå norsk prosa. Det er utfyllande løysingsforslag til alle oppgåvene. Øvingane følgjer i all hovudsak terminologien i Norsk referansegrammatikk og kan brukast saman med ulike læremiddel i grammatikk.

Ida Larsson (f. 1977) er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho har forska på grammatikk, språkhistorie og dialektvariasjonar i Norden. Ho driv også med nordisk arvespråk i Amerika.

Åshild Søfteland (f. 1979) er førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold. Ho underviser i grammatikk, dialektologi og språkhistorie i lærarutdanningane og forskar på talespråksvariasjon i norsk og nordisk innanfor grammatikk og pragmatikk.

Urd Vindenes (f. 1988) er førsteamanuensis i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ho har skrive doktoravhandling om norske demonstrativ og interesserer seg særleg for grammatiske konstruksjonar i talespråket og mekanismane bak språklege endringar.

Til toppen