Robotsand (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2021
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234002243
Kategori: Noveller, lyrikk og drama
Omtale Robotsand
Ein poetisk kviskreleik

Dokka, både som leike og bilde, som
representasjon for menneskeleg liv,
er det fascinerande og tankevekkande
utgangspunktet for Åsa Maria Krafts
diktsamling Robotsand. Her høyrer vi
stemmene frå padledokker - gravgåver i det
gamle Egypt - og dokkene på øya Isla de las
Munecas som er hengde opp i tre til minne
om tapte barn. Vi møter også heimesnikra
hundar plasserte i rundkøyringar og
Hypsiphrone frå dei gnostiske skriftene.

Robotsand er engasjerande, open og leikande,
og dikta blir som eit kjedebrev eller ein
kviskreleik gjennom tida, der lesaren sjølv tar
del i lyttearbeidet.

Boka er gjendikta av Martin Ingebrigtsen.

Den svenske poeten Åsa Maria Kraft (f. 1965)
debuterte i 1997 med 4 påhitt. Bøkene hennar
beveger seg i grenselandet mellom poesi og prosa, og
ho har mottatt fleire prisar for forfattarskapen sin.
Med Robotsand frå 2018 blir Kraft for første gong
utgitt på norsk.

Til toppen