Seg til inkjes av Lars Svisdal (Ebok)
Ebok

Seg til inkjes (Ebok)

roman

Forfatter:

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Last ned utdrag    

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2018
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 1.19 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Gyldendal
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205518025
Kategori: Romaner
Omtale Seg til inkjes
Sterk romandebut!

18 år gamle Gjøa dreg frå ein heim prega av skilsmisse for å jobbe ein sommarsesong på Fægrane, ei turisthytte øvst i ein fjelldal ein stad på nordvestlandet. I 29 år har Olaug og Gunnar Fægrane drive hytta, med Olaug som dominerer kvar minutiøse detalj med pragmatikk og varige mein av for omfattande arbeidsmengd og for trong økonomi, og Gunnar som gjer så lite som mogleg. Sonen deira, Ingebrigt, er komen heim for sommaren frå eit halvhjarta studentliv, og har svært lite lyst til å ta hand om drifta av turisthytta. Gjøa får etter kvart eit fortruleg forhold til Ingebrigt, og det blir eit haldepunkt for henne når ho merkar konsekvensane av den utageringa som frustrasjonen over familiesituasjonen heime har drive henne til.
Seg til inkjes er ei forteljing om å sitje fast og å ville vekk, om mødrer og søner, om vaffelsteiking og nattlege fisketurar, om opprør og eldgamle nabokonfliktar - og om å freiste å halde fram så godt ein kan, for ikkje å gjere seg til inkjes.
Bokmeldarane meiner:
"Debutanten Lars Svisdal byr leseren på setninger mettet med observasjon og erkjennelse. Det bør gi ham litteraturprisen som bærer navnet til en av hans klare forgjengere. (...) Like imponerende som karaktertegningene er Svisdals verdensbygging: Denne fjellstua og dens omgivelser finnes. Skriften gjør stedet fullstendig livaktig, i den grad at det har sin egen eksistens og tilstedeværelse i teksten også når det er andre ting som skjer."Bernhard Ellefsen, Morgenbladet
«Seg til inkjes spenner over store ytterpunkt i holdningar, arbeid og moral. Den er språkleg spenstig også, stilistisk og i ordtilfang, og slik skriv Lars Svisdal seg vakkert inn i ein skjønnlitterær tradisjon samstundes som han er tidhøveleg i framkant av debutantar flest.»Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

Til toppen

Andre utgaver

Seg til inkjes
Nynorsk Innbundet 2018