Sivle-songbok (Heftet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2011
Antall sider: 58
Forlag: Sivle-laget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788299570589
Kategori: Musikk
Omtale Sivle-songbok
PER SIVLE I NY SONGBOK Per Sivle er ein av våre store klassikarar som forfatter av dikt og prosa. Vossingen og pressemannen budde mest heile sin vaksne alder i Drammen og Kristiania. Mange av dei folkelege dikta hans har kjende komponistar sett høvelege tonar til. Ja, det skal vere berre to andre diktarar her i landet som har fleire tonesette dikt enn Sivle, og det er Bjørnson og Garborg. I desse dagar har han fått si eiga songbok der det er sett notar til 30 utvalde dikt. Ved gjennomgang av mange songbøker synte det seg, ikkje uventa, at dei mest kjende er "Den fyrste song" og "Lerka". Fleire av dikta er tonesette i samband med at denne boka skulle kome ut. Det var Jan Køppen Petersen i Sivle-laget som der kom med forslag om å gje ut ei allsongbok, og dette arbeidde ein komité vidare med. Køppen Forlag står for utgjevinga. Forlaget ga også i samband med 100-års jubileet i 2004 ut "Berre ein hund" som lydbok, innlesen av Hans Herbjørnsrud. Songboka, som bør vere eit funn m.a. til skulebruk, blir utgjeven med støtte frå fleire hald og blir spreidd til bibliotek og bokhandlar over heile landet.

Til toppen