Sjakknovelle og andre tekstar av Stefan Zweig (Ebok)
Ebok

Sjakknovelle og andre tekstar (Ebok)

Forfatter:

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Last ned utdrag    

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2019
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 0.99 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Skald
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788279592976
Kategori: Romaner
Omtale Sjakknovelle og andre tekstar
Stefan Zweig var ein uhyre produktiv forfattar av dikt, romanar, biografiar og essay, men det er kanskje som meister i novellekunsten han har sett størst spor. Austerrikaren var høgt elska alt i si levetid, og på 1920-talet var han den mest omsette forfattaren i verda.
I novellene sette den stadig reisande forfattaren ord på kjensla av å vere undervegs. Kombinasjonen av øm psykologisk innsikt og fengslande, scenisk forteljarkraft gjer at tekstane hans verkar like levande i dag som då dei blei skrivne. Mange av dei har blitt filmatiserte. Ein av dei nyaste er The Grand Budapest Hotel (2014) som smeltar saman inspirasjon frå fleire av Zweigs verk.
Sjakknovelle, den mest kjende av novellene hans, ber preg av den såre krigserfaringa etter nazistanes maktovertaking i 1933. Denne la han siste hand på dagen før han tok livet sitt i 1942.
Utvalet i denne samlinga består av Måneskinssmauet (1922), Brev frå ei ukjend kvinne (1922), Den usynlege samlinga (1927), Uventa innføring i eit handverk (1931) og Sjakknovelle (1942). Fire av dei vert her for aller første gong gitt ut på norsk. Omsett av kritikarroste Øystein Vidnes, som i fjor fekk tildelt Kritikarprisen for beste omsetjing.

Stefan Zweig (1881-1942) var fødd og oppvaksen i Wien som son til ein velståande jødisk tekstilentreprenør. Saman med Thomas Mann blir austerrikaren rekna som den mest lesne tyskspråklege forfattaren i mellomkrigstida. Zweig var feira stort både av publikum og kritikarar og fungerte som vegvisar og mentor for mange unge kunstnarar i samtida.

Til toppen

Andre utgaver

Sjakknovelle og andre tekstar
Nynorsk Innbundet 2019