Brev til ein ung diktar (Innbundet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2007
Antall sider: 60
Forlag: Bokvennen Forlag
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Briefe an einen jungen Dichter
Oversatt av: Bjørnstad, Åsmund
ISBN/EAN: 9788274881655
Kategori: Essays og antologier
Omtale: Brev til ein ung diktar
"Eit kunstverk er godt, i den grad det oppstod av naudtvang. På kjelda det kom av, skal domen fellast: Det finst ingen annan. Difor, min vyrde ven, veit eg inga anna råd enn det å gå i deg sjølv og sokne djupnene livet spring fram av; ved kjelda der finst svar på om skape er noko du må." Kan eit ungt menneske satse på den djupaste lengten det har i seg? Droppe ein trygg karriere og å våge kunstens veg? I den unge kadetten Franz Xaver Kappus stod denne striden. Han søkte råd frå Rilke, som sjølv hadde militær erfaring. Svaret var, det kan berre du finne ut: "Spør framfor alt, i natta sin stillaste time: må eg skrive? ... Du er så ung, og så godt eg berre formår vil eg be deg, ber over med alt som er uløyst i hjarta ..." Her skriv òg Rilke dei berømte orda om parforholdet som "ein kjærleik der to einsemder grensar, hegnar og helsar kvarandre". Korrespondansen som oppstod mellom dei - Brev til ein ung diktar - er sidan lesen og elska av unge som gamle - diktarar eller ei. Om RAINER MARIA RILKE (fødd i Praha i 1875 og død i Sveits i 1926) sa Robert Musil: "Denne store lyrikaren har ikkje gjort anna enn for første gongen å skrive fullkomne dikt på tysk." Legendarisk er lynnedslaget av inspirasjon i middelaldertårnet Muzot i Sveits vinteren 1922, då dei to hovudverka Die Sonette an Orpheus og Duineser Elegien kom til i løpet av eit par veker. Han skreiv dikt frå eit sinn utsett i hjartefjellet. Frå den same posisjonen kjem òg dei mange tusen breva hans. Brev til ein ung diktar (utkomen posthumt i 1929) står som eit av diktarens hovudverk.

Til toppen

Flere bøker av Rainer Maria Rilke: