Horisontar (Innbundet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2007
Antall sider: 67
Forlag: Skald AS
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788279591122
Kategori: Noveller, lyrikk og drama
Omtale: Horisontar
Boka er Finn Egil Eide si fjerde diktsamling sidan debuten med STREIF i 1987. Han har elles vore bidragsytar i fleire andre diktbøker - både med eigne tekstar og med illustrasjonar. Med HORISONTAR tek Eide eit stort steg vidare i si litterære utvikling - samtidig som han held fast i tema og motiv vi kjenner frå tidlegare. Samlinga er sett saman av 53 dikt, delt i 9 bolkar. Identitet, landskap og tid er tre viktige motiv som vert repeterte og spelte ut mot kvarandre i Eide særmerkte veksling mellom konkrete sansingar og filosofiske refleksjonar. Tittelen, "Horisontar" peikar både mot det nære landskapet og mot grenser for opplevingane våre - men også mot noko som er bortanfor, utanfor det vi umiddelbart sansar. Undringa er såleis eit berande element i Eides dikt. Horisontar er ei samansett, mangfaldig tekst-samling. Eide lukkast godt i å sameine mangfaldet gjennom ein særprega bildespråk, i eit spenn mellom konkrete landskap og samtid - og eksistensielle og mytiske innslag. Med denne samlinga har Finn Egil Eide plassert seg som ein sentral forfattar i den nyare litteraturen i Sogn og Fjordane.

Til toppen

Flere bøker av Finn Egil Eide: