Andre øvingar (Heftet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2001
Forlag: Zeth Forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788292172087
Kategori: Romaner
Omtale: Andre øvingar
Oppfølgar til Øvingar som kom ut i 1994. Forma er den same, men dei nye tekstane er på verka av nyare bøker. "Prøv å førestille deg Gud medan du ser klesvasken din bli sentrifugert." "Overbevis deg sjølv om at du ikkje har nokon fri vilje. Installer så fri vilje." "Et tusen frø og drikk eit stort glas vatn. Gå så ut og legg deg i sola." "Plasser ei svart klinkekule i handa di ein kveld du legg deg, Prøv å halde på den når du fell i svevn." "Førestill deg at du er ein stein og at steinen er deg. Ta den tida du treng." "Ta fram ein liten rundspegel ein dag himmelen er utan skyer. Strekk deg oppover og hald spegelen så høgt du kan så himmelen kan spegle seg i den." "Lag ein liten, liten båt i papir. Sprett opp puta di og legg båten inn i mellom duna. Sy igjen. Drikk to store glas vatn før du legg deg om kvelden."

Til toppen

Andre utgaver

Andre øvingar
Nynorsk Innbundet 2013

Flere bøker av Kurt Johannessen:

De som kjøpte denne boken, kjøpte også: