Forvandlinga og andre forteljngar (Fleksibind)

Serie: Skalds klassikarar 

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Fleksibind
Utgivelsesår: 2016
Antall sider: 115
Forlag: Skald AS
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Frå Franz Kafkas "Sämtliche Erzählungen"
Oversatt av: Fosse, Jon
Serie: Skalds klassikarar
ISBN/EAN: 9788279592426
Kategori: Romaner
Omtale: Forvandlinga og andre forteljngar
Franz Kafkas Forvandlinga og andre forteljngar i nyomsetjing av Jon Fosse er starten på ein ny klassikarserie med verdslitteraturens viktigaste verk i ny nynorsk språkdrakt.

Franz Kafka (1883-1924) vert sett på som ein av dei mest vesentlege forfattarane på 1900-talet, og verka hans er ein uomgjengeleg del av verdslitteraturen sin kanon. I dag er Kafka den mest lesne tyskspråklege forfattaren i verda.

Kafka sin langnovelle Forvandlinga (1915) vert sett på som eit av dei mest nyskapande skjønnlitterære verk i det 20. århundre. Novella handlar om den handelsreisande Gregor Samsa som åleine må forsørge familien. Ein dag vaknar han og har blitt til eit insekt. Innesperra i rommet sitt vert han meir og meir isolert og den først ganske så omsorgsfulle systera vender seg etter kvart også frå han, før han til slutt, forbanna og einsam, sovnar inn.

Den nye utgivinga inneheld i tillegg til Forvandlinga tre av dei mest kjende forteljingane til Kafka, og dei Jon Fosse tykkjer mest om: Dommen, Ein landsens lækjar, Framfor lova og Ein draum. Forteljingane vart i 1920 utgjevne av Kafka sjølv i samlinga Ein Landarzt.

Til toppen

De som kjøpte denne boken, kjøpte også: