Granskogen syng (Innbundet)

brokkar av ein barndom

Legg i ønskeliste

Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2013
Antall sider: 512
Forlag: Snøfugl Forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788270834419
Kategori: Romaner
Omtale: Granskogen syng
Handlinga i romanen Granskogen syng er lagt til eit mindre skogsarbeidar- og småbrukarmiljø i dei store skogsområda i det indre austlandsområdet. I dette miljøet følgjer vi hovudpersonen i boka, Jarleiv Røysås, frå han blir fødd til han byrjar på gymnaset som sytten ? attenåring. Boka gjev eit godt og treffande bilete av dei ulike sidene av dette miljøet og korleis eit fattig, men nøysamt folk kjem seg gjennom dei vanskelege dagane i åra før, under og like etter den andre verdskrigen.
Men først og fremst er dette skildringa av utviklinga til Jarleiv Røysås, ein kjenslevar unggut og hans kjærleiksliv heilt frå hans tidlegaste barneår, og her er fleire frodige skildringar av hans vaknande driftsliv. Kjærleikslengt er elles eit vesentleg tema gjennom heile romanen, både hos hovudpersonen sjølv og dei som står han nærast, hans foreldre og besteforeldre.

Til toppen