Slaget i Gratangsbotn 25. april 1940 (Heftet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2016
Antall sider: 56
Forlag: Fosna kulturverkstad
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788299948029
Kategori: Historie
Omtale Slaget i Gratangsbotn 25. april 1940
Den 25. april i 2015 var det 75 år sia dei rundt 745 ungdommane frå Nordmøre og Trøndelag slost med den tyske krigsmakta i Gratangen i Troms.
Historia har vore fortia. Dei som var med, snakka veldig lite om det som skjedde. Somme følte «skuld» for at dei sjølve levde - og andre døydde. Det var dei som kjente på at dei måtte overgje seg til tyskerane for å berge livet - og ikkje kjempe vidare for Norge. Og andre kunne bebreide seg sjølve for at dei ikkje greidde å stå i kampen, men kom seg unna - og dermed berga livet. Avisene hadde overskrifter som «Guttene blev overrumplet om natten og hadde ingen chanse» - «Trønderbataljonen tatt på sengen» osv. Dette kom oppå kjenslene dei strevde med frå før.
Denne historia er først og fremst fortalt gjennom dei 37 frå Tingvoll kommune som deltok, men også dagbøker til soldatar frå fleire stader på Nordmøre og Trøndelag er lagt til grunn.

Til toppen