Språkreisa (Innbundet)

norsk gjennom to tusen år

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2007
Antall sider: 528
Forlag: Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788204111173
Kategori: Språk
Omtale Språkreisa
Ei underhaldande reise tilbake til norskens opphav, og språkreisa tek til i dag med norskens plass i det globale språksamfunnet.
Lomheim guidar oss gjennom det dramatiske tusenåret då urnordisk gradvis gjekk over til å bli norrønt som vikingane så tok med seg ut i Europa, fram til dagens internasjonalt prega norsk. Den kunnskapsrike språkdirektøren syner korleis samfunnsutviklinga har påverka språket vårt, og korleis menneska gjennom historia har teke til seg ord og vendingar i takt med nye behov. Reisa sluttar ved å vende blikket framover. Vegen vidare er uviss.


Trass i ulike tema og mange avstikkarar har reisa éin tydeleg tråd, og det er at ord og samfunn til alle tider står i forhold til kvarandre. Det er ikkje dermed slik at språket styrer samfunnet - det er samfunnet som styrer språket. Slik var det i steinalderen, og slik er det i skjermalderen. Denne mangfaldige framstillinga av språkhistoria vil fryde både ihuga språkelskarar og dei språkinteresserte som ønskjer å vite meir om språkutvikling.


Bli med på ei spennande språkreise!

Til toppen

Flere bøker av Sylfest Lomheim: