Strilequiz (Heftet)

spørjebok for strilar og anna godtfolk

Forfatter:

og

Legg i ønskeliste

Forfatter: og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2017
Antall sider: 210
Forlag: Vigmostad Bjørke
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788241913785
Kategori: Lek og spill
Omtale Strilequiz
Kva er du når du er håttalaus? Kva er den største øya på strilelandet? Og kjem kjendisstylisten Jan Thomas frå Storebø eller Litlelindås?

I.Strilequiz - spørjebok for strilar og anna godtfolk.finn du svara. Dei over 600 spørsmåla i boka utfordrar deg på ord og uttrykk, geografi, historie, litteratur, mat, kristenliv og Melodi Grand Prix - for å nemne noko. Boka er i tillegg krydra med sitat om og av strilar, og observante vegfarande får testa ut lokalkunnskapen på biletspørsmåla i boka.

Quiz-general Jan Arild Breistein, redaktør Trine Eilertsen og stortingsrepresentant Helge André Njåstad, alle med røter på strilelandet, stiller også med eigne quizbolkar.

God strilequiz!

Kari Fauskanger er ekte stril. Ho er fødd på Askøy, gjorde unna barneåra i Fusa, men hadde ungdomstida på Askøy. Ho er gift med ein Arna-stril og har familie i fleire strilekommunar. Ho har jobba som kulturjournalist i Bergens Tidende og har farta mykje rundt på strilelandet. I BT var ho ein flittig quizleverandør både til papir-.og nettutgåver. Kari Fauskanger er utdanna bibliotekar.

Til toppen