Syn og segn. Hefte 2-2018 (Heftet)

tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2018
Antall sider: 106
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252195989
Kategori: Tidsskrifter
Omtale Syn og segn. Hefte 2-2018
Irland og Polen, motstandskamp og psykiatri.

Vi gjev for lite og for dårleg hjelp til dei som strevar mest. Og det er for dårleg kompetanse rundt dei med alvorleg og langvarig psykisk sjukdom, seier Arnhild Lauveng - i samtale med teolog og forfattar Eskil Skjeldal. 20 år etter Langfredagsavtalen, som sette strek over «The Troubles», står fleire viktige element frå fredsarbeidet i Nord-Irland på spel, fortel journalist Annette Groth. Temaartiklane dreier seg om erkekonservative Polen, der skjøre demokratiske tradisjonar står på spel. Kva konsekvensar kan uroa føre til i tida som kjem? Jørn Holm-Hansen, Maciej Gdula, Marta Tycner, Marta B. Erdal og Jakub M. Godzimirski tek eit blikk på Polen i dag.

Doktorgradsstipendiat Hanna N. Støstad skriv om utsvevande fugleliv, Ingeborg Solbrekken om det kommunistiske motstandsarbeidet under krigen og Ole Våge om litteraturen og ansvaret for det kollektive minnet. Biskop Kari Veiteberg skriv om ny teologisk og kyrkjeleg interesse for estetikk, forteljingar og kunstnariske uttrykk, fotograf Anne-Marte Før har foreviga interiøret i tre kyrkjer og Ingvil B. Budal tek lesaren med på ei ordreise til opphavet til fantestrekane og rakkarungane. «Korleis skal vi forstå han», spør Hans H. Skei i ein analyse av eit dikt av Olav H. Hauge. Og teiknaren Siri Dokken harselerer over norsk rovdyrdebatt.

Til toppen