Syn og segn. Hefte 4-2017 (Heftet)

tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2017
Antall sider: 106
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252194531
Kategori: Tidsskrifter
Omtale Syn og segn. Hefte 4-2017
Noregs nei, samisk identitet, Homo naledi og Peer Gynt!
Etter ni år i Noreg fekk Mona Ibrahim Ahmed avslag på søknad om å bli norsk statsborgar. «Nett no kjennest det som om dei åra eg har vore i Noreg, ikkje har betydd noko som helst. Det er som om det er tom tid som berre har forsvunne.» Les sterk samtale i Syn og Segn mellom Mona Ibrahim Ahmed og journalist og redaktør Hilde Sandvik.
Det nye heftet har fleire temaartiklar om samisk identitet og kultur. Vi spør: Forventningane til samisk kultur kan synast einsidige og baserte på gamle klisjear og førestillingar. Men stemmer forventningane med røyndomen?
Doktorgradsstipendiat Lene Liebe Delsett skriv om fossilet Homo naledi - eit nesten-menneske som har ført oss nærare sanninga om oss sjølve. Marta Norheim leitar etter naturen i litteraturen, og Sigrun Slapgard har nye tankar om Peer Gynt. Gunnstein Akselberg skriv om Martin Luther og borga og slotta som omgav han, medan Signe Nilssen forklarar alt om nye ord i norsk. Og til slutt: Jon Severud løftar dei tvisynte sin plass i samfunnet: «Tvisynet er ein eigen måte å sjå på. Det er eit sjølvblikk på eigen tankearkitektur.»

Til toppen