Vente, blinke (Heftet)

eit perfekt bilete av eit personleg indre

Serie: Semikolon 

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2009
Antall sider: 270
Forlag: Kolon
Språk: Nynorsk
Serie:
ISBN/EAN: 9788205392946
Kategori: Romaner
Omtale Vente, blinke

Boken bak filmen "Kvinner i for store herreskjorter"

 

Sanse, tenkje

Gunnhild Øyehaug har skrive ein roman om nokre dagar i liva til ei handfull personar som jobbar, et, pratar, møter kvarandre, går frå kvarandre, drøymer, lengtar, blir fascinerte, begeistra, skuffa, forelska, men først og fremst: Dei ser og tenkjer. Resultatet er forbausande forfriskande, morosamt og medrivande.

Av Øystein Vidnes

Gunnhild Øyehaug har kalla boka si Vente, blinke, og gitt henne undertittelen «Eit perfekt bilete av eit personleg indre». Undertittelen kunne ha verka tung, hadde det ikkje vore for det eine ordet: «perfekt». Det vi får lagt framfor oss er ikkje berre eit «bilete av eit personleg indre», men eit «perfekt bilete»! Og kva har vi å stille opp med overfor nokon som uttaler ordet «perfekt»? Ingenting. Ordet byrjar med denne plutselege utblåsinga av luft mellom leppene som dannar ein p, held fram med eit hopp i tonefallet og sluttar med ei spiss tunge mot framtennene: ein elegant gest med munnen som det berre tek ein augneblink å utføre. Samstundes er ordet eit uttrykk for den oppriktige meininga til den som seier det, som vi difor ikkje kan gjere anna enn å høyre på og ta på alvor, men med eit smil om munnen, utfordrande: Perfekt, seier du? Så vis oss det perfekte!

Forfriskande
Utgangspunktet kan eigentleg ikkje gjerast særleg meir trivielt. Øyehaug har skrive ein roman om nokre dagar i liva til ei handfull personar. Desse personane gjer rimeleg vanlege, viktige, kvardagslege og dramatiske ting, dei jobbar, et, pratar, møter kvarandre, går frå kvarandre, drøymer, lengtar, blir fascinerte, begeistra, skuffa, forelska, men først og fremst: Dei ser og tenkjer. Dei er kanskje ikkje representative, om det finst noko som heiter det, men dei er på sitt vis tidstypiske, dei er unge, eit par er studentar, ein er forfattar, ei er bassist, ei er regissør, ein er produsent, ein er kafévert og ei er kunstnar og mor. Øyehaug gir desse personane ganske enkelt lov til å sjå og tenkje, og til å prøve så godt dei kan å gi uttrykk for det dei ser og tenkjer. Resultatet er forbausande forfriskande, morosamt og medrivande, ei bok som er fort slukt, men som likevel utfordrar lesaren.

Sanninga om oss sjølve
Ein liten lærdom: Sanningane om oss sjølve kan vi finne der vi minst ventar det. Golf Can’t be This Simple heiter boka som forfattaren Kåre Tryvle går rundt med i veska si. Denne fiskar han opp og siterer frå, for å få folk til å le på ei opplesing eller når han møter den søte studina Sigrid, heilt ytst på Nordnes i Bergen. Men berre til å le av er det ikkje, Kåre spelar også golf, og Sigrid speglar seg ein augneblink i dette sitatet:

«The question is, what’s holding you back?» seier Kåre, med ei tydeleg siterande mine. Han gjer seg høg og alvorleg og seier overdrive overlegent med mørk stemme: «There are a few things you don’t know and they are what are holding you back.»

Høgt og lågt
Vente, blinke er bygd opp som ein TV-serie eller ein episodefilm, som Robert Altmans Short Cuts. På innhaldsplanet er boka med på å bryte ned dei skiljelinene som enno eksisterer i mange hovud, mellom høg og låg kultur, eller mellom kunst og andre slags kulturuttrykk av ymse slag. Her møtest TV-seriane, kanonlitteraturen, maleriet, sjølvhjelpsbøkene, litteraturvitskapen, moderskapet, performancekunsten og popmusikken – Gunnhild Øyehaug er like fortruleg med alle. Det kunne kanskje vere risikabelt å fylle ein roman med referansar på denne måten, men i Øyehaug si skriving kjennest desse tinga viktige og rette, enten det gjeld middelaldrande forfattarar som les golfhandbøker eller 15-åringar som les Dante og får frysningar på ryggen og oppetter armane.

Innanfor og utanfor
«Den som kviskrar lyg!» lyd eit ordspråk frå ein stad på botnen av ein eller annan barndoms ønskje om å bli inkludert. «Og den som høyrer på, han flyg!» lyd det vridde svaret frå dei kviskrande fortrulege, i ein sosial situasjon som virkar å reprodusere seg og mutere til nye former, livet gjennom. Kven er dei som kviskrer, og kven er dei som står utanfor og prøver å late som om dei ikkje vil høyre? Øyehaug, kunne ein seie, er ei av dei få som klarer å vere både innanfor og utanfor, vere både innforstått og inkluderande på same tid.

 

Til toppen

Andre utgaver

Vente, blinke
Nynorsk Ebok 2012
Vente, blinke
Nynorsk Nedlastbar lydbok 2009

Flere bøker av Gunnhild Øyehaug:

Bøker i serien