Vesen (Innbundet)

roman

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2001
Antall sider: 204
Forlag: Oktober
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788249500635
Kategori: Romaner
Omtale Vesen
«Jordbærplukkarar trengst på Laden - 2 km.» Og eg såg denne plakaten, tjukke sprittusj-strekar, eit teikna jordbær mot signal#31;gul kartong. Kvifor ikkje? Bada i jordbær, monotont riva bæra av stilkane, i korga, i munnen, i korga, no og då kikka opp på det blå. Jordbæret, når du deler det på langs, når du skjønar du har fanga det vakraste, det mest pirrande ein åker kan gje deg. Når du tygg ein bit, og du ser det kvite i sentrum, det rosa, det raude, gåsehuda utanpå, og det grøne bladet bæret skjuler seg bak. Når du finn ei meining i det du dyrkar. Ei ny meining. Og eg veit at Ylva ikkje kjem etter meg, eg veit at ho ikkje kjem attende, ho vil ikkje finna meg der heime, og eg veit at ho ikkje vil leita, det er forbi, ho handla og braut ut, gjorde det eg ikkje klarte å tenkja ferdig, og er det difor eg køyrer opp denne grus#31;vegen, er det difor eg svinga av, tenkjer eg, er det difor eg kjen#31;ner denne mektige kjensla av å vera på veg inn i noko som drar meg opp?

Til toppen

Flere bøker av Eirik Ingebrigtsen: